top of page

Team GT på årets Breimstafett!

  • Forfatterens bilde: Gloppen Tannhelse
    Gloppen Tannhelse
  • for 12 minutter siden
  • 1 min lesing

Gloppen Tannhelse mobiliserte og fekk stilt lag til årets Breimstafett, og FOR ei kjekk oppleving!


Ein nydeleg vårdag på Breim og eit tipp topp arrangement - ein ypparleg måte å bruke søndagen. Breimstafetten er fylket sitt eldste idrettsarrangement og vart arrangert for 85. gong i år. Som ein av dei få gjenlevande terrengstafettane samlar Breimstafetten fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Opa klasse er til for alle som ikkje konkurrerar gjennom eit idrettslag og er ei perfekt anledning til å gjennomføre litt teambuilding, ha ein kjekk og sosial søndagsaktivitet, eller kanskje som eit felles treningsmål? For oss vart det ein fin og samlande dag for "GT-gjengen" og vi fekk kjenne på lagfølelsen både før, under og etter stafetten. Vi håpar på endå fleire lag å springe i lag med i Opa klasse til neste år!


Så er det slik at Gloppen Tannhelse er såpass små at litt ekstern mobilsering måtte til for å fylle alle etappane. Ei stor takk til Jan Roger, Nikolai, Ingrid og Pål som stilte på for oss i dag!


Vi joinar Breimstafetten neste år også! Dette var moro!


Klare for defilering: Ingunn E, Ingrid, Pål, Ingunn, Jan Roger og Kristen (Nikolai mangla akkurat her)
Klare for defilering: Ingunn E, Ingrid, Pål, Ingunn, Jan Roger og Kristen (Nikolai mangla akkurat her)
GT-gjengen feira gjennomført stafett med god mat og drikke - alle godt nøgde med dagens innsats: Kristen, Ingunn, Nikolai, Pål, Jan Roger, Ingrid og Ingunn
GT-gjengen feira gjennomført stafett med god mat og drikke - alle godt nøgde med dagens innsats: Kristen, Ingunn, Nikolai, Pål, Jan Roger, Ingrid og Ingunn


 
 
 

Kommentarer


logo_GT.jpg
Logo med tekst under eps.jpg

©2019 Gloppen Tannhelse AS

Nordstrandsvegen 13, 6823 Sandane

bottom of page