top of page
Om tannklinikken

Gloppen Tannhelse er ein moderne tannklinikk på Sandane. Klinikken held til i store og nyoppussa lokale i 2. etasje i Skarsteinstunet. Bygget har heis og tilkomst for alle, med gode parkeringsmoglegheiter rett ved inngangen.

Vi tilbyr dei fleste tannbehandlingar og henviser til spesialistar ved behov.

Velkomne!

Våre tilsette

Alma-4629.jpg

Ingunn Reikvam Ravnestad

Tannlege

Ingunn er tannlege, utdanna ved Universitetet i Bergen 2009-2014 og medeigar av Gloppen Tannhelse. Ho har tidlegare arbeidd som privatpraktiserande tannlege ved Voss Tannlegesenter, og som offentleg tannlege ved Sandane Tannklinikk.

Ingunn er medlem av:

- Den Norske Tannlegeforening

- Sogn og Fjordane Tannlegeforening

-NOFOBI (Norsk Forening for Odontofobi)

- TiPS (Tannleger i Privat Sektor)

Ingunn har avlagt eksamen i tannlegeskrekk, og har dermed ekstra omsyn for pasienter som vegrer seg for å oppsøkje tannlegekontoret.

GT-7031.jpg

Ingunn Elvebakk

Tannhelsesekretær

Ingunn er nyutdanna tannhelsesekretær, og vil dele på sekretæroppgåvene saman med Bjørg. Ingunn har lang fartstid som helsefagarbeidar, og har med dette mykje erfaring og kompetanse innan helsesektoren. Ingunn er smilande og arbeidssom, og har teke utfordringane i ny jobb på strak arm. 

bottom of page