top of page
  • Forfatterens bildeGloppen Tannhelse

Nytt fra Gloppen Tannhelse

Hei alle saman! 


Aller først; GODT NYTT ÅR!! Vi gler oss til å ta fatt på 2024!




Gloppen Tannhelse går eit nytt år i møte med nokre endringar i bemanninga.

Bjørg har hatt sin siste arbeidsdag hos oss og gått av med pensjon. Velfortent på alle måtar!


Heldigvis blir Ingunn Elvebakk med oss vidare, og det er vi så glade for! Ho tek over etter Bjørg og blir tannhelsesekretæren på klinikken. 


Svenja har fått sin eigen klinikk i Hornindalen og vil ikkje lenger halde fram som tannlege hos Gloppen Tannhelse. Leit for oss, men bra for Hornindal! Vi ynskjer ho lukke til med Sunne Tenner! 


Med endringar i personalet, følgjer også nokre mindre endringar i opningstidene.

Klinikken vil halde ope mellom 8.00 og 15.30 måndag, tysdag, torsdag og fredag.


Det komande året vil vi ha rom for nye pasientar, og ynskjer både gamle og nye fjes velkommen innom oss! 


Ha eit riktig godt 2024! 


Helsing 

Ingunn&Ingunn :-)



Comentarios


bottom of page