Tida flyg og Ingunn er delvis tilbake frå mammapermisjon. Ho er på klinikken tre dagar i veka, og gler seg over å kunne arbeide på klinikken igjen!

Vi er også så heldige at Svenja held fram oss vidare! Ho vil vere vere på klinikken ein til to dagar i veka, alt etter behovet, så ta kontakt om det skulle vere behov for ein tannlegetime eller to.
I tillegg skal vi ha ein student på Gloppen Tannhelse dei kommande månadane. Ingunn Elvebakk går på tannhelsesekretær-utdanninga på Firda, og skal ha praksisplass hos oss. Det blir spennande og vi håpar ho vil trivast!
Bjørg er den mest stabile i gjengen og held fortet oppe! Ho jobber saman med tannlege-Ingunn måndag, onsdag og fredag, og er klar for ta i mot student-Ingunn og lære ho faget.
Opningstidene kan variere, men per no:
Måndag: 08.00-15.30
Tysdag: Delvis ope – telefonen kan vere stengt, men vi svarer på e-post.
Onsdag: 08.00- 15.30
Torsdag: Delvis ope – telefonen kan vere stengt, men vi svarer på e-post
Fredag: 08.00-15.30

Comments