• Gloppen Tannhelse

Gloppen Tannhelse har opna tannklinikken i Skarsteinstunet

Gloppen Tannhelse opna dørene til tannklinikken denne veka og vi tek no i mot pasientar!


Fredag 14.06 var alt klart - bygningsarbeidet avslutta, klinikken vaska ned og tannlegestolane montert. Vi ynskjer å takke alle som har vore med på å realisere dette prosjektet! Re-Bygg, Firda Elektro, Mardal Rør, Firda Målarservice, Evebø Blikkenslagerverkstad og Kornberg Snikkarverkstad er blant dei lokale bedriftene som har vore med i prosessen. Takk også til Jacobsen Dental for god rettleiing og levering av dentalteknisk utstyr!


Laurdag 15.06 inviterte vi til open dag på klinikken. Ordførar Leidulf Gloppestad var tilstades og opna klinikken offisielt. Tusen takk til alle som kom innom klinikken denne dagen. Det sette vi skikkeleg pris på.


Til slutt må vi få takke for fine blomar og gåver i samband med opninga!


No er vi i gong!!


Ordførar Leidulf Gloppestad opnar tannklinikken ved å klippe over tanntråden.

No er vi i gong! Gloppen Tannhelse tek i mot pasientar frå og med veke 25!