• Gloppen Tannhelse

Avlagt eksamen i «Kognitiv atferdsterapi i behandling av pasienter med angst for tannbehandling»

Undersøkingar syner at 5-10% av den vaksne befolkninga i Noreg let vere å oppsøke regelmessig tannbehandling grunna angst. Dette betyr at om lag 70.000-100.000 menneske ikkje går til tannlege fordi dei slit med angst.


Angst for tannbehandling, eller tannlegeskrekk, gjer at ein ofte kjem inn i ein vond sirkel. Frykta gjer at ein unngår tannbehandling, men dessverre fører dette ofte til dårlegare tannhelse og eit større behandlingsbehov.



Ingunn har difor meldt seg inn i NOFOBI (Norsk Forening for Odontofobi), og avlagt eksamen i «Kognitiv atferdsterapi i behandling av pasienter med angst for tannbehandling». Slik er ho betre rusta til å tilby tilpassa tannbehandling til dei som treng ekstra omsyn i behandlingssituasjonen grunna tannlegeskrekk.


Ikkje ver redd for å ta kontakt. Vi hjelper deg gjerne!