
Vi søkjer ein positiv og serviceinnstilt tannhelsesekretær i 60% stilling som ynskjer å bidra til tryggleik og gode opplevingar for pasientane våre. Gloppen Tannhelse er ein moderne tannklinikk med fokus på kvalitet, samarbeid og pasientomsorg.
Arbeidsoppgåver:
Pasientmottak og pasientoppfølging
Assistere tannlege under behandling
Sterilisering og vedlikehald av utstyr
Administrasjon, inkludert timebestilling og journalføring
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og effektiv klinikkdrift
Andre oppgåver knytta til klinikkdrift
Kvalifikasjonar:
Autorisasjon som tannhelsesekretær og erfaring er ikkje eit krav, men vil vere positivt
Erfaring med bruk av data
Serviceinnstilt og imøtekomande
Evne til å arbeide strukturert, både aleine og saman med andre.
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, som:
Evne til å skape tryggleik og trivsel for pasientane
Fleksibilitet og vilje til å lære nye oppgåver
Ha ei positiv og løysingsorientert innstilling
Samarbeidsevne og effektivitet
Vi tilbyr:
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver i ein moderne tannklinikk
Konkurransedyktige lønsvilkår
Moglegheit for fagleg utvikling
Om oss: Gloppen Tannhelse vart etablert på Sandane i 2019 og har lokale i Skarsteinstunet i Sandane sentrum. Klinikken har i dag tre tilsette, ein tannhelsesekretær og to tannlegar. Vi legg stor vekt på å tilby god og riktig behandling, og arbeider for at pasientane skal føle seg godt ivaretekne hos oss. Vi arbeider tett som eit team og trivsel på arbeidsplassen står høgt på prioriteringslista vår.
Stillingsprosent: 60%, med mulighet for auka stillingsprosent etter kvart.
Søknadsfrist: 16.02.2025
Tiltreding: Etter avtale
Send søknad med CV til ingunn@gloppentannhelse.no.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte Ingunn Reikvam Ravnestad, enten på e-post (ingunn@gloppentannhelse.no) eller på telefon 977 52 428.
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Commentaires