I tannhelsebransjen skjer det mykje spennande innan teknologi, og Gloppen Tannhelse vil gjerne vere med på reisa! Vi har difor invistert i ein intraoral scanner.
Intraorale scannere har vore på markedet ei god stund, men produkta er blitt betre og betre. Ein intraoral scanner tek digitale avtrykk av tennene - og Primescan frå Dentsply Sirona tek heile 50 000 bileter i sekundet. Dette gjev meir nøyaktige avtrykk, raskare behandling og mykje betre komfort for pasientane.
Vi kan no ta digitale avtrykk til kroner, bruer, bleikeskinner og bittskinner på ein behageleg og rask måte! Dette er stas!




Comments