I dag er det akkurat 1 år sidan vi overtok lokalet i Skarteinstunet. Det var ei fantastisk kjensle å stå med nøklane i handa, klare for eit stort byggeprosjekt. Lokala hadde tidlegare husa eit rekneskapskontor og krevde ein del ombygging for å huse ein tannklinikk.
Romjula 2018 gikk med til riving, med god hjelp frå familien, og vidare utover våren 2019 tok lokala form.
Det siste året har vore spennande, travelt, lærerikt og kjempekjekt!
I Juni 2019 opna vi Gloppen Tannhelse i nyoppussa lokaler.
Vi ynskjer å takke alle som har vore til hjelp undervegs, alle som har støtta oss i travle tider, og alle som har teke turen innom Gloppen Tannhelse det siste halve året!
Vi gler oss til kva 2020 har å by på!
God jul og godt nytt år!
Comentários