• Gloppen Tannhelse

God jul frå Gloppen Tannhelse!

Gloppen Tannhelse ynskjer alle god jul og godt nytt år!

Ei stor takk til alle som har vore innom i løpet av 2020.


2020 har vore eit spesielt år for oss alle. For Gloppen Tannhelse sin del førte den pågåande pandemien til ein periode med stengde dører på vårparten. I tillegg har både tilsette og pasientar måtte tilpasse seg nye retningslinjer for smittevern.


Takk til Ingunn og Bjørg for godt samarbeid og tilpasningsevne det siste året.

Det har, trass alt, vore eit veldig kjekt og bra år på klinikken!


Takk også til pasientane som har teke smittevernsrutinene på alvor, og sikra ei trygg behandling og ein trygg arbeidskvardag for Ingunn og Bjørg!


Gloppen Tannhelse feira 2020 med ei småskala julesamling på Gloppen Hotell fredag 11.12. På programmet stod blant anna kåring av årets sekretær i Gloppen Tannhelse.


I kåringa trona Bjørg eine og aleine på topp - her avbilda med årets tannlege, Ingunn.